Vigsel

Vigsel

Vigsel

Dersom du ynskjer å gifta deg i ei av kyrkjene våre, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 474 83 120 eller 56 55 18 88 eller på epost: kyrkjekontoret@kvam.kyrkjer.net 
Organistane våre er Margrete Lid Kjosås, tlf. 481 95 597 og Sevinj A. Øvrehus, tlf. 463 60 721
Epostadresse: organisten@kvam.kyrkjer.net 

Datoar for vigsel i sommarmånadane 2020:
13. og  27.juni
11. og 25. juli
​8. og 22.august

Datoar for vigsel i sommarmånadane 2021:
12. og 26.juni
10. og 24.juli
7. og 21.august

Andre vekedagar kan og vere aktuelle. Dag og tid må avtalast med kyrkjekontoret i god tid før vigselen.

 

For alle som har bustadadresse i Kvam, er det gratis å gifta seg i kyrkja i Kvam. Bur du utanfor Kvam sine grenser, gjeld fylgjande reglar:

- Dersom brureparet har folkeregistrert bustadadresse utanom prostigrensene, (dvs utanom kommunane Kvam, Jondal, Ullensvang, Odda, Eidfjord, Voss, Ulvik, Vaksdal, Samnanger og Fusa) lyt det betalast avgift til Bjørgvin bispedøme for utført presteteneste dersom ein gifter seg i ei kyrkje i Kvam. Denne er for tida på kr 3500,-

- Dersom ingen av  brureparet har vakse opp i Kvam, eller har foreldre som bur i Kvam i dag, så må det i tillegg betalast ei avgift til Kvam kyrkjelege fellesråd for kyrkjetenar, organist og kyrkjeleige. Denne er for tida på kr 3400,-

Dersom de ordnar med prest og organist sjølve, og berre ynskjer å leiga kyrkja, er prisen for dette kr. 1.500,- inkludert kyrkjetenar.

Prisane kan verta endra.

Sokneprestane i Kvam vier par av ulikt kjønn, i samsvar med kyrkja sin vigselsliturgi for kvinne og mann. Likekjønna par kontaktar prosten via den lokale presten.

Utandørs vigsel:
Me har ingen stader i Kvam som er godkjende for utandørs vigsel. Dei stadene i nærområdet som er godkjende til utandørs vigsel, er Herheiane i Jondal.

Dersom de ynskjer å via dykk andre stader, lyt de søkja til biskopen om dette, via den lokale presten.

Orienteringa me sender ut når de har bestilt vigsle finn de HER

Velkomen til vigsel!

 
 


Del denne artikkel på e-post