Krølletreff

Krølletreff

Krølletreff

  Hjelp Lars Arne og Solveig å finne Krølle! (Og no er det enda fleire sauar som har gått seg vill!!)

Til alle 3-åringar (f. 2017) i Norheimsund og Øystese, og alle 3-, 4- og 5-åringar (f. 2017, 2016 og 2015) i Ålvik! De er hjarteleg velkomne til Krølletreff utanfor kyrkja i Norheimsund!

 
Pga. koronasituasjonen vert opplegget og logistikken litt annleis enn vanleg. Dersom været vert dårleg, omorganiserer me litt slik at me kan vera inne. De vil evt. få beskjed om det.
 
Program:
1. registrering av både barn og vaksen ved kyrkja (Viktig!) 
2. borna får leite etter koselam som dei får med seg heim.
3. kafè. Ta med kopp, så serverer me kaffe og te! Smoothie til borna.
4. borna får ei lita bok med bibelforteljinga om Sauen som gjekk seg vill, samt ei helsing frå kyrkja.
 
Tid:
Kristi Himmelfartsdag 21. mai mellom klokka 15 og 17. Det vert ikkje felles samling, derfor kan de koma og gå som de vil. De må koma seinast 16.30. Me oppfordrar til å halde 1 meter avstand til kvarandre.
 
Stad:
Norheimsund kyrkje.
 
Obs! Ekstra viktig at de melder dykk på i år pga. koronareglar!  Påmelding innan 19. mai her!
 
Ps: om de i Ålvik ikkje har høve til å koma til Norheimsund, skal de likevel få koselam, bok og helsing. Det kjem på døra eller i posten!
 
Arrangementet er gratis.
 
Spørsmål? Kontakt Solveig L. Sangolt på e-post ss973@kyrkja.no eller mobil 930 21 676
 
 
Ps: Fleire kull vert slått saman i Strandebarm, derfor er det ikkje Krølletreff i Strandebarm dette året, men om nokon frå Strandebarm har lyst å koma til Norheimsund i år, er dei hjarteleg velkomne dei òg!

 

 


Del denne artikkel på e-post