TID FOR Å BE

TID FOR Å BE

TID FOR Å BE

Vi er inne i ei tid der kallet og trongen til bøn og forbøn forløysest med ny kraft. Ikjensla av uro, redsel og maktløyse kan vi ikkje anna enn søkje trøyst og tryggleik hos Gud, hos Jesus som har lova oss sin fred.

  • Lat oss derfor be for kyrkja at ho må makte å peike slik på Jesus at menneske som kjenner på avmakt og otte, kan fatte nytt håp. Ja, at vi som folk kan ha vårt liv og vår framtid saman med Frelsaren.                                                            
  • Og lat oss be for bygdene våre og dei som bur her, familiane våre og grannane våre. Vi ber for alle helsearbeidarane som står på, for dei som ser til dei gamle og dei som er sårbare for smitte.
  • Vi ber for landet vårt og dei som styrer både lokalt og nasjonalt.
  • Og vi ber for verda og særleg for alle flyktningane og alle fattige og alle som er der for å hjelpe.
  • Ja, vi ber om Guds vern og om lækjedom for dei som er blitt sjuke.

 

Det er mykje snakk om dugnad denne tida. Ein bønedugnad er ikkje minst viktig. No kan vi ikkje fysisk samlast til bøn, men det går an å avtale med andre om å be til ei viss tid på dagen, så vert også det ei form for bønefellesskap, der me kan minne kvarandre på å hugse bønetida, og evt. ha bønemøtet over nett. Men uansett når vi ber, så er vi med i eit større fellesskap, ja, eit fellesskap i bøn over heile jorda.

 

facebooksida til kyrkja har me ei bønegruppe som alle er velkomne til vera med i: Bønevegg for Den norske kyrkja i Kvam

 

I Kvam er det også eit kontinuerleg, organisert bønenettverk, der ein kan både melde inn bøne-emne og melde seg som forbedar. Kontaktperson er Audun Aase, tlf. 41521905, e-post: audun.aase@outlook.com.

 

Til slutt ei bøn som ein prest let kyrkjelyden ha som hjelp og inspirasjon i denne bønetenesta:

 

Far i himmelen.

Sjå til oss her på jorda.

Vi kjenner oss små i møte med Corona-viruset.

Vi ber om vern for dei utsette og svake.

Kom med din fred til dei som er redde.

Verna helse- og omsorgsarbeidarane.

Vi ber for born, eldre, kronisk sjuke, familiar, bedrifter

og alle som blir hardt råka av epidemien.

Sjå til dei som ottast tap av inntekt og arbeid.

Gje visdom til dei som styrer her, i Norge og i andre land,

så dei tek avgjerder og handlar rett.

Vis oss kva vi kan gjere.

Herre Jesus Kristus,

du som lækte sjuke og tok deg av dei hjelpelause,

du som tok på deg lidinga og gjekk vegen til krossen for vår frelse,

miskunn deg over oss.

Amen.


Del denne artikkel på e-post

izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort