KROSSVEGEN VED NORHEIMSUND KYRKJE

KROSSVEGEN VED NORHEIMSUND KYRKJE

KROSSVEGEN VED NORHEIMSUND KYRKJE

Kor mykje veit du om kunsten i kyrkjeparken ved Norheimsund kyrkje? No har du eit godt høve til å få meir kunnskap og oppleve ei påskevandring ute i det fri! Sokneprest Roar Strømme har skrive tekst til Audun Storaas sine relieff.

Krossvegar i tilknyting til kyrkjer er ein gamal tradisjon. Krossvegen (Via Crucis) er bygd opp med stasjonar, gjerne 14 i talet, der ein gjennom symbol og tekst vert minna om påskehendingane. I sydlegare strok har mange landsbyar ein slik krossveg som leier frå landsbyen og opp på ei høgd, der ein gjerne finn ein kross eller ei kyrkje. 

I kyrkjeparken i Norheimsund har me ei fortetta utgåve av ein slik krossveg med 9 stasjonar. Relieff på marmorplater er sette inn i skifermuren på kyrkjebakken vest for kyrkja. Slik kan ein vandre langs desse stasjonane og stogge ved det som dei fortel om, også når kyrkja ikkje er open.

Under finn du bilete av stasjoane med bibelteksten som høyrer til. Såleis kan ein bruke eit nettbrett eller smarttelefon og få med seg skriftstadane som bileta referer til. På det viset kan ein også «vandre» denne vegen på nettet. Bileta er tatt av Anne Marta Hoff.

Audun Storaas, som også har laga altartavla i kyrkja, har utforma relieffa som er teksta på hogne skilt. Frå venstre:

  1. JESUS RID INN I JERUSALEM
  2. JUDAS SVIK
  3. PETER FORNEKTAR
  4. JESUS VERT HUDFLETTA
  5. KRISTUS OG PILATUS. På relieffet: ECCE HOMO.
  6. GOLGATA
  7. DEI BAR JESUS TIL GRAV. På sjølve relieffet: DEI LA HAN I EI GRAV HOGD I BERG.
  8. RØVAREN PÅ KROSSEN. På sjølve relieffet: TIL PARADIS? EG?
  9. Ei nisje eller gravhole i skifermuren med ei tilsiderulla steinhelle. Ved grava går ei trapp opp i hagen der ein også finn ”Sykars brønn”.

 

  1. JESUS RID INN I JERUSALEM

Jesus rid inn i Jerusalem (Joh 12,12-19)
12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:
           Hosianna!
           Velsigna er han som kjem
           i Herrens namn,
           Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:
          
    15  Ver ikkje redd, dotter Sion!
           Sjå, kongen din kjem,
           ridande på ein eselfole.
16 Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.

 

 

  1. JUDAS SVIK

Jesus blir teken til fange  (Matt 12,47-50)
47 Før han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med han ein stor flokk som var væpna med sverd og stokkar. Dei kom frå overprestane og dei eldste i folket. 48 Svikaren hadde avtala eit teikn med dei: «Den eg kysser, han er det. Han skal de ta!» 49 Og med det same gjekk han bort til Jesus og sa: «Ver helsa, rabbi!» og kyste han. 50 Men Jesus sa til han: «Min ven, no har du gjort ditt!» Då kom dei andre til; dei la hand på Jesus og tok han til fange.

 

  1. PETER FORNEKTAR

 

Peter fornektar Jesus (Matt 26,69-75)
69 Medan dette hende, sat Peter ute på gardsplassen. Då kom ei tenestejente bort til han og sa: «Du òg var saman med denne galilearen Jesus.» 70 Men han nekta så alle høyrde det, og sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om.» 71 Så gjekk han ut i portrommet. Då fekk ei anna jente sjå han og sa til dei som var der: «Han der var saman med Jesus frå Nasaret.» 72 Peter nekta på nytt og svor på det: «Eg kjenner ikkje den mannen!» 73 Litt etter kom dei som stod der, bort til Peter og sa: «Jo visst er du ein av dei, du òg! Det kan ein høyra på målet ditt.» 74 Då sette han i å banna og sverja: «Eg kjenner ikkje denne mannen.» Straks gol hanen. 75 Då kom Peter i hug det Jesus hadde sagt til han: «Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.

 

  1. JESUS VERT HUDFLETTA.

 

Soldatane spottar Jesus (Matt 27,27-31)
27 Soldatane til landshovdingen tok no Jesus med seg inn i borga og samla heile vaktstyrken omkring han. 28 Dei kledde av han og hengde på han ei skarlaksraud soldatkappe, 29 fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans og gav han ein kjepp i høgre handa. Dei fall på kne for han, spotta han og sa: «Ver helsa, du konge over jødane!» 30 Så spytta dei på han og tok kjeppen og slo han i hovudet. 31 Då dei hadde hånt han, tok dei av han kappa og hadde på han hans eigne klede.

 

  1. KRISTUS OG PILATUS

Jesus for Pilatus (Mark 15,1-15)

Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.
     2 Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.  3 Overprestane kom no med mange skuldingar mot han.  4 Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»  5 Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.
     6 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om.  7 Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.  8 Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane.  9 Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?» 10 For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han. 11 Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri. 12 Då tok Pilatus til orde att og sa: «Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?» 13 «Krossfest han!» skreik dei tilbake. 14 «Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!» 15 Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.

 

  1. GOLGATA

Jesus blir krossfest (Matt 27,32-44)
Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han. 21 Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene. 22 Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden. 23 Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det. 24 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha. 25 Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han. 26 Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».
    27 Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans. 28 *Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.29 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar! 30 Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!» 31 Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa! 32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.

 

  1. DEI BAR JESUS TIL GRAVA

Jesus blir gravlagd (Mark 15,42-47)
42 Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld. 43 Josef frå Arimatea, ein høgt akta rådsherre som sjølv venta på Guds rike, tok då mot til seg og gjekk til Pilatus og bad om å få Jesu kropp. 44 Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge. 45 Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket. 46 Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga. 47 Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.

 

  1. RØVAREN PÅ KROSSEN

«I dag skal du vera med meg i Paradis.» (Luk 23,39-43)

 Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40 Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? 41 For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42 Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» 43 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»

 

  1. DEN TOMME GRAVA

Jesus står opp (Luk 24,1.12)
Ved daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand.  2 Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava.  3 Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp.  4 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede.  5 Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde?  6 Han er ikkje her, han er stått opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea:  7 ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’»  8 Då kom dei i hug orda hans.  9 Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre. 10 Det var Maria Magdalena, Johanna og Maria, mor til Jakob, som saman med dei andre kvinnene fortalde dette til apostlane. 11 Men dei tenkte det var laust snakk, og trudde dei ikkje. 12 Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.


Del denne artikkel på e-post